Nordisk arbeidsgruppe for samarbeid mellom skole og arbeidsdrift

Ei arbeidsgruppe beståande av deltakarar frå alle dei nordiske landa er no konstituert, og klar for å starte på arbeidet med å sjå nærare på samarbeid mellom skole og arbeidsdrift.

Foto: Lena Broo. Stefan Müller (nr. en fra venstre), Oddvar Håland (nr. tre fra venstre).
Foto: Lena Broo. Stefan Müller (nr. en fra venstre), Oddvar Håland (nr. tre fra venstre).

Nordiskt nätverk för utbildning i fängelse skal medverke til kunnskapsutvikling på feltet for å støtte opp under opplæring i rehabiliteringsprosessen, og har som ambisjon at opparbeidd kunnskap skal bli formidla vidare til relevante aktørar. Nettverket har definert samarbeid mellom skole og arbeidsdrift som eit viktig utviklingsområde, og har no oppretta ei nordisk arbeidsgruppe. Nettverket ønskjer å bidra til fortsett utvikling ved at den nye arbeidsgruppa skal sjå nærare på arbeidsdrifta som læringsarena – på korleis ein kan skape fleire moglegheiter til yrkesfagleg opplæring gjennom samarbeid mellom skole og arbeidsdrift.

Etter lang koronarelatert ventetid, kunne endeleg arbeidsgruppa møtast fysisk i Malmø 18. – 19. november for å konstituere seg. Arbeidsforma blir ein kombinasjon av fysiske og digitale møte gjennom 2022 og 2023, der dei fysiske møta blir lagt til stader kor ein kan besøke institusjonar. Arbeidsgruppa sin ambisjon er å identifisere døme på godt samarbeid mellom skole og arbeidsdrift, som endeleg vil leie til kunnskapsheving på operativt nivå.

Ettersom arbeidsgruppa består av deltakarar frå alle dei nordiske landa, har det i planleggingsfasen vore viktig å finne fokusområde som ein kunne einast om, som blir opplevd som relevant i alle dei respektive landa. Frå Noreg deltar Oddvar Håland (rektor på Mandal videregående skole) og Stefan Müller (verksmester i Agder fengsel, Froland avdeling). 

Nordiskt nätverk för utbildning i fängelse er eit nettverk knytt til Nordisk nettverk for voksnes læring (NVL), som blir finansiert av Nordisk ministerråd.    

Publisert 24.11.2021

Kontaktpersonar