Fagkoordinatorgruppa arbeidde med lærande nettverk og planlegging av Oppikrimdagane

Torbjørn Lund frå Universitetet i Tromsø bistår fagkoordinatorgruppa i arbeidet med utvikling av lærande nettverk

Foto: Terje Røstvær. Nesten fulltallig fagkoordinatorgruppe. Torbjørn Lund lengst til høgre i biletet.
Foto: Terje Røstvær. Nesten fulltallig fagkoordinatorgruppe. Torbjørn Lund lengst til høgre i biletet.

Fagkoordinatorgruppa og Statsforvaltaren i Vestland hadde møte på Gardermoen 8. – 9. mars, der arbeid med lærande nettverk og planlegging av Oppikrimdagane sto på agendaen. Torbjørn Lund er engasjert av Statsforvaltaren for å leie eit utviklingsarbeid saman med fagkoordinatorgruppa, der målet er å vidareutvikle dei fagnettverka fagkoordinatorane leiar.

Utvikle lærande nettverk på feltet

Heile dagen 8. mars var satt av til dette arbeidet. Nokre sentrale spørsmål det vart reflektert over, var knytt til etablering av lærande nettverk: Kva formål skal nettverket ha? Korleis leie og organisere arbeidet for at dette skal bli eit lærande nettverk? Samarbeidet med Lund skal fortsette utover i 2022, og målet er at prosessen mellom anna skal bidra til at samtlege nettverk skal fungere som læringsarenaer for deltakarane, der ein kan bygge relasjonar og skape ei arena for kollektive refleksjonar og utveksling av erfaringar.

Planlegging av Oppikrimdagane

Fagkoordinatorgruppa er også viktige bidragsytarar til fagsamlinga Oppikrimdagane. Dei har eit stort ansvar for både planlegging og gjennomføring av parallelle sesjonar og faggruppene under samlinga. Oppikrimdagane 2022 blir arrangert i Tromsø 3. – 5. mai, og dag to av møtet på Gardermoen vart brukt til planlegging, både av fagleg og praktisk karakter.

Publisert 15.03.2022