Faggruppene har separate dialogkonferansar og leiargruppa får eigen samling det kommande året

Det komande året skal fagkoordinatorane arrangera dialogkonferansar for faggruppene etter prinsippa for Lærande nettverk, medan vi vil arrangere leiarsamling for fylkesbyråkratar, rektorar og avdelingsleiarar på Gardermoen 14. – 15. februar 2024, saman med Akershus fylkeskommune. 

For 2024 har Statsforvaltaren i Vestland vedteke at Oppikrimdagane i sin noverande form går ut. Etter ei heilskapsvurdering ser me det som mest formålstenleg at fagkoordinatorane/faggruppene fortset arbeidet sitt ved bruk av prinsipp henta frå Lærande nettverk, og at eigne dialogkonferansar for faggruppene blir nytta som form når ein skal møtest fysisk. Når samkøyring av arena for leiarsamling og samling for faggruppene heller ikkje har gitt ønskt fagleg synergieffekt, blir det naturleg å forandra på strukturen. Per no, ser me det som ein fordel for både faggruppene og for leiargruppa at ein prøver ut ein ny struktur for det kommande året. Leiarsamlinga vil bli arrangert i samarbeid mellom SFVL og Akershus fylkeskommune (frå 1. januar 2024).  

Å få etablert eit stabilt og godt fungerande fagnettverk for sektoren vår, har dei siste åra vore eit høgt prioritert område hos Statsforvaltaren i Vestland. Me ser på fagnettverket som eit av dei aller viktigaste verktøya me har for å jobba for fagleg og pedagogisk utvikling i sektoren vår. Meir om dette kan dei lesa om i denne artikkelen på nettsidene våre. Me har lagt betydelege ressursar i dette arbeidet dei siste åra, mellom anna har me det siste halvanna året leigd inn Torbjørn Lund frå Universitetet i Tromsø for å jobba spesifikt for å støtta opp under fagkoordinatorane sin jobb med å arbeida etter metoden Lærande nettverk. Me er svært nøgd med den jobben fagkoordinatorane gjer, og ser at det har vore ei ønskt fagleg utvikling som me går ut frå vil halda fram med ny struktur for faglege samlingar. Sjå fagnettverk på nettsidene våre for kontaktinformasjon til fagkoordinatorane.

Publisert 10.08.2023