Kommunikasjon med straffedømde om soningsforhold og tilbod, må individuelt tilpassast

Dette er ein av konklusjonane i Rapport nr 1/23: «Kommunikasjonsferdigheter blant norske innsatte» som no er publisert.

Kommunikasjonsferdigheiter strekk seg ut over grunnleggjande ferdigheiter, og handlar om korleis me bruker språkferdigheitene våre i samtale med andre, ikkje minst til utveksling av informasjon.

Datainnsamlinga denne rapporten byggjer på er gjennomført av «Forskningsgruppen for kognisjon og læring» ved Det psykologiske fakultetet, Universitetet i Bergen. Prosjektet er utført i samarbeid med Statsforvaltaren i Vestland, Kriminalomsorgsdirektoratet og Eikeland forsking og undervisning.

Denne rapporten er den andre som blir publisert med utgangspunkt i denne kartlegginga. Rapporten tek for seg innsette sine sjølvrapporterte opplevingar og vurderingar knytt til kommunikasjon. Funn publisert i tidlegare rapportar viser at det er urovekkjande mange innsette som opplever at dei ikkje får informasjon om opplæringstilbod. Funn publisert i denne rapporten kan gi innsikt i kvifor mange innsette ikkje opplever tilstrekkeleg informasjon.

Statsforvaltaren i Vestland håpar denne rapporten vil fungere som eit nyttig innspel til opplæring innanfor kriminalomsorga.

Publisert 07.09.2023