Vel gjennomført samling for oppfølgingsklassane, ND og TAFU

Fagkoordinator for tilbakeføring og oppfølgingsklassen i Steinkjer arrangerte dialogkonferanse i Steinkjer 20. - 21. september 

Foto: SFVL

Fagkoordinator Anne Moen, og Astrid Utgård og Anders Råen fra OKINT Furuskogen, hadde invitert til variert og interessant program i Steinkjer. Fagkoordinator hadde som ambisjon at dette skulle vera ein "arbeidssamling" med deling av erfaringar - både suksessar og utfordringar. 

I tillegg til at det vart gitt statusrapportar frå dei ulike avdelingane, vart mellom anna rutinar knytt til inntak drøfta, som ei oppfølging etter tilsyn utført i sektoren dei seinare åra. Under programpunktet "Nytt frå Statsforvaltaren i Vestland" vart det informert om forhold knytt til oppfølging av Riksrevisjonens undersøking av helse-, opplærings- og velferdstenester til innsatte i fengsel, og at prosjektet "Hendene og ressursane må finna kvarandre" er tildelte Stimulab-midlar til prosjektet som skal sjå nærare på det tverrgående samarbeidet mellom kriminalomsorga og velferdstenestene, for å finna ut korleis dei kan jobba på nya måtar slik at lauslatne kan få ein god start på livet i fridom.

Som vanleg på desse samlingane, vart det også i år teke eit besøk til oppfølgingsklassen til vertskapet, der også rektor på Steinkjer videregåande skule var invitert til å halda eit innlegg. I tillegg vart det teke besøk til Trøndelag friomsorg og CRUX Jarlegården, som begge er samarbeidspartnarar for oppfølgingsklassen i Steinkjer. 

På samlinga var det lagt vekt på gode vikår for sosialt samvær deltakarane imellom, og tur til OKINT-hytta og hyggjelege måltid saman bidrog til dette - mellom anna lunsj på Cafe Hjerteknekten som er drive av CRUX. 

For spørsmål om temaet tilbakeføring, ta kontakt med fagkoordinator Anne Moen. Kontaktinformasjon finst under "Fagnettverk" på www.oppikrim.no  

 

Publisert 25.09.2023