Kreativt samarbeid i fengsel løfter innsette si læring

Inspirasjonsmateriale viser korleis samarbeid mellom verkmeistrar og lærarar kan betre læringa for innsette.

Nordisk nettverk for vaksnes læring (NVL) har utvikla eit inspirasjonsmateriale for samarbeid mellom verkmeistrar og lærarar i fengsel, med mål om å forbetre ferdigheiter og kunnskap hos dei innsette. Prosjektet vektlegg å samkøyre teori og praksis for å auke motivasjon og læring.

I Danmark har dei innsette, saman med verksmeistrar, mellom anna utvikla fuglekasser som ein del av matematikkundervisninga, og i Norge har Agder fengsel eit eige kjøkken der insette kan ta utdanning i restaurant- og matfag, med moglegheit for å ta fagbrev som kokk. Målet er å skape eit meir virkelighetsnært læringsmiljø som stimulerer til meistring og nye ferdigheiter.

Brosjyren som er utvikla gir meir innsikt i dette arbeidet. Den kan lesast på NVL sine nettsider, frå lenka i høgremenyen her.

Publisert 28.12.2023