Heilskapeleg karriererettleiingsteneste

Gry Helgerud og Geir Syvertsen har publisert eit hefte som har til formål å vera ei hjelp til å oppnå ein heilskapeleg karriereveiledningsteneste i kriminalomsorga 

Gry Helgerud og Geir Syvertsen var for nokre år tilbake medlemmer av ei nordisk arbeidsgruppe som hadde som oppdrag å forma ut forslag til korleis ein kan styrkja karriererettleiing på arenaen opplæring i kriminalomsorga, i ein nordisk kontekst. Resultatet vart to plakatar. Den eine rettar seg mot karriererettleiarar, medan den andre beskriv kva karriererettleiing kan bidra med overfor vegsøkjarane. Etter at arbeidet i den nordiske arbeidsgruppa – som var initiert av Nordiskt nätverk för utbildning i fängelse – var ferdigstilt, har Gry og Geir framleis samarbeidet. Formålet med heftet som dei no publiserer, er at det skal vera ei hjelp til å oppnå ei heilskapleg karriererettleiingsteneste i kriminalomsorga, slik den nordiske arbeidsgruppa har foreslått. Heftet inneheld definisjonar, døme og tips som forfattarane håpar kan vera nyttige for alle som er engasjerte i karriererettleiing i kriminalomsorga.

Gry Helgerud er karrierettleiar i Ringerike fengsel, og Geir Syvertsen er spesialrådgivar i Østfold fylkeskommune.  

Du finn heftet til høgre på denne sida. 

Publisert 25.04.2024