Mal for avtale om samarbeid mellom oppfølgingsklassane og friomsorgskontora

Samarbeidsavtalen har til hensikt å bidra med strukturar og prosedyrar på tvers, som forpliktar til samarbeid til det beste for målgruppa.

Oppfølgingsklassane gir eit tilbod som bidreg til å tetta glippsona mellom fengsel og samfunn, noko som er i tråd med styresmaktene sin visjon om eit kriminalitetsfritt liv for fleire. Riksrevisjonen skreiv i undersøkinga si av helse-, opplærings- og velferdstenester til innsette i fengsel (2022−2023) at: oppfølgingsklassane driv opplæring i ulike fag i tillegg til rådgiving og anna støtte, mellom anna til gjennomføring av eksamen. Dei følgjer også opp innsette som gjennomfører straff på elektronisk kontroll, narkotikaprogram med domstolkontroll og samfunnsstraff, og innsette i overgangsbustader.

Heilt sidan første etablering på 1970-talet, har det vore eit samarbeid mellom skuleverket og friomsorga når det gjeld oppfølgingsklassane. Det er friomsorgskontora som har ansvar for gjennomføring av straff utanfor fengsel, og lauslatne og domfelte under ansvara til friomsorga er inkluderte i målgruppa for Tilskudd til opplæring i kriminalomsorga.

Statsforvaltaren i Vestland og Kriminalomsorgsdirektoratet vurderer det som formålstenleg at samarbeidet mellom oppfølgingsklassane og friomsorgskontora blir formalisert gjennom bruk av samarbeidsavtalar. Undersøkingar utførte av dei to nemnde etatar, viser at ein på operativt nivå ønskjer det same.

Arbeidsgruppa som har utarbeidd mal for avtale om samarbeid mellom oppfølgingsklassane og friomsorgskontora, har bestått av to personar frå oppfølgingsklassane, to personar frå friomsorgskontora og ein person frå høvesvis Kriminalomsorgsdirektoratet og Statsforvaltaren i Vestland. Arbeidsgruppa har hatt som formål å forma ut eit forslag til mal for samarbeidsavtale, og at denne skal kunna nyttast av, og vera relevant for alle oppfølgingsklasse/friomsorgskontor-samarbeid i Noreg. Det er likevel ikkje utenkjeleg at ein lokalt ser behov for å gjera enkelte tilpassingar, noko som er årsak til at samarbeidsavtalen blir publisert både i PDF og Word format. Som nemnt over, har samarbeidsavtalen til hensikt å bidra med strukturar og prosedyrar på tvers, som forpliktar til samarbeid til det beste for målgruppa.

I samarbeidsavtalen foreslår arbeidsgruppa at ein – dersom det er formålstenleg – utarbeider ein avtale mellom deltakar, oppfølgingsklassen og friomsorgskontoret. Du finnar både Avtale om samarbeid mellom oppfølgingsklasse og friomsorgskontor og Avtale mellom deltakar, oppfølgingsklasse og friomsorgskontor til høgre på denne sida.

Statsforvaltaren i Vestland takkar deltakarane i arbeidsgruppa og referansepersonar som har bidrege med innspel, for godt samarbeid og god innsats. Me håpar at avtalen kjem til nytte i form av at han vil bidra til godt samarbeid som kjem målgruppa til gode. 

Publisert 02.04.2024