Ny modell for gjennomføring av dialogkonferansar i 2027
Forma på dialogkonferansane blir endra, med mål om meir effektiv ressursbruk og vidareføring av høg fagleg kvalitet.
Ny modell
Statsforvaltaren i Vestland har vedteke å ta i bruk ein ny modell for gjennomføring av dialogkonferansar innan opplæring i kriminalomsorga frå 2027. Modellen skal gi ei meir økonomisk berekraftig, effektiv og føreseieleg organisering av fagnettverket, samstundes som fagleg kvalitet blir vidareført og styrkt.
Vidareføring av talet på fagkoordinatorar
Eit sentralt premiss er å oppretthalde dagens tal på fagkoordinatorar. Desse er ein nøkkelressurs for kvalitet, kontinuitet og utvikling i faggruppene. Den nye modellen gir betre økonomisk føreseielegheit og frigjer ressursar, slik at fagkoordinatorane i større grad kan konsentrere seg om fagleg innhald og utviklingsarbeid. Praktiske oppgåver knytte til dialogkonferansane blir i større grad samla og handterte av Statsforvaltaren i Vestland i samarbeid med ekstern konferansepartnar.
Éin felles arena – tydelegare linje og betre samordning
Ved å samle alle dialogkonferansane på éin felles arena blir det lagt til rette for betre samordning, meir effektiv organisering og mindre fragmentering. Modellen gir også tydelegare forankring i styringslinja. Dialogkonferansane er eit kompetansehevingstiltak for fylkeskommunane, og rolla deira som ein sentral og formell kompetansearena for opplæringa i kriminalomsorga blir styrkt.
Forventning om prioritering i fylkeskommunane
I den nye modellen er det lagt til grunn at fylkeskommunane i større grad finansierer deltakarane sine reise- og konferansekostnader. Fylkeskommunane mottar tilskot til opplæring i kriminalomsorga, og Statsforvaltaren i Vestland vurderer det som naturleg at midlane også blir nytta til kompetansehevingstiltak som er direkte retta mot dette opplæringstilbodet.
Målgruppe
Målgruppa er primært deltakarar som høyrer heime i dei ulike faggruppene. Ved påmelding skal deltakarane velje éi faggruppe, som dei følgjer gjennom begge dagane. Dette legg til rette for samanheng, fordjuping og erfaringsdeling. Som vanleg kvart år, blir det òg i (februar) 2027 arrangert eiga leiarsamling for byråkratar, rektorar og avdelingsleiarar.
Praktiske rammer for gjennomføring
Dialogkonferansane blir gjennomførte over to samanhengande dagar på ein arena valt med omsyn til geografisk plassering og reisetid. Oppstart er formiddag dag éin og avslutning ettermiddag dag to. Ei samla, tidsavgrensa konferanse, kan moglegvis vere enklare å handtere lokalt enn fleire enkeltvise fråvær. Felles dialogkonferanse er planlagd i midten av april 2027.
Vidare prosess og evaluering
Den nye modellen gjeld for 2027 og vil bli evaluert i etterkant i dialog med fagkoordinatorane. Dersom økonomi og erfaringar tilseier det, kan organiseringa vurderast på nytt i seinare år. Statsforvaltaren i Vestland ser fram til vidare samarbeid om fagnettverket og dialogkonferansane.