Rapportering 2026

Instruksjon og rettleiing omkring rapporteringssystemet for skulane innan opplæring i kriminalomsorga.

Instruksjon og rettleiing omkring rapporteringssystemet for skulane innan opplæring i kriminalomsorga.

For 2026 blir det fire teljeveker:

  • 12 
  • 22 
  • 42 
  • 49 

Dersom det av ulike grunnar ikkje er mogeleg å rapportere på ein eller fleire av dei oppgitte teljevekene, må ein nytta nærmaste veke med "normal" opplæringsaktivitet.

Skulane bør merka seg teljevekene, slik at det blir gode rutinar for innhenting og samling av opplysningar. Før kvar frist vil alle rapportørar får tilsendt ei påminning. Det vil også bli sendt purring til alle (sjølv om rapport er levert). Kvar rapportør må gjere seg heilt ferdig innan 9. januar 2027.

Frister og frekvens

Ei rapportering på skjema 1 (fengselsavdelingar) (fire gonger i året og sluttrapport innan 9. januar 2027) frå alle einingar/avdelingar som har opplæring

Ei rapportering på skjema 2 (oppfølgingsklassar) (fire gonger i året og sluttrapport innan 9. januar 2027) frå alle oppfølgingsklassane

Ei rapportering på skjema 3 (avdelingsleiarar) (innan 9. januar 2027) frå den administrative ansvarlege for opplæringa innanfor kriminalomsorga frå kvar vidaregåande skule

Kvar ansvarlege rapportør får tilsendt eit brukarnamn/id saman med ei elektronisk lenke til rett rapporteringsskjema.