Auka fokus på utdanning for kvinner i nordiske fengsel
Arbeidsgruppe løftar fram behovet for betre og meir likeverdige utdanningsmogelegheiter
Tone Leine Brekka frå Telemark fylkeskommune og Lars Magne Braarød Østby frå Østfold fylkeskommune har dei siste par åra delteke i ei nordisk arbeidsgruppe som har undersøkt utdanningsmoglegheitene for kvinner i fengsel. Arbeidet er gjennomført på oppdrag frå Nordiskt nätverk för utbildning i fängelse, eitt av nettverka under Nordisk Netværk for Livslang Læring (NLL). Arbeidsgruppa har særleg hatt fokus på skilnader mellom kvinner og menn når det gjeld tilgang til rettmessig utdanning både under og etter soning.
Som ein del av dette arbeidet har Lars Magne Braarød Østby skrive ein artikkel om utdanning for kvinner i norske fengsel. Artikkelen er no publisert på nettsidene til Nordisk Netværk for Livslang Læring (nll.org), og ligg i artikkelseksjonen på høgre side her.