Framlegg til statsbudsjett for 2027

I Prop. 1 S (2026–2027) foreslår Kunnskapsdepartementet å løyve 401,7 mill. kroner til "opplæring i kriminalomsorga".

Forslaget som blei lagt fram 7. oktober 2026 gjev om lag like mange kroner per soningsplass til opplæring som i 2026. 

Departementet skriv vidare i budsjettframlegget:

"Med dagens digitale løysing for opplæring i fengsel, Desktop for Skole (DFS), får ikkje inn sette i fengsel ei opplæring i tråd med rettane i opplæringslova. Regjeringa foreslår derfor å erstatte DFS med Utvidet Utvei, ei ny digital løysing som er eigna til å oppfylle både pedagogiske og tryggingsmessige behov.

Vidare skal Utvei gjere elevane i stand til å nytte seg av læremiddel og andre ressursar, oppnå mål i læreplanane, og gjennomføre eksamen. Dette skal sikre eit undervisingstilbod i fengsla som gir innsette moglegheit til å kvalifisere seg for arbeid eller vidare utdanning. Regjeringa foreslår å løyve totalt 20,9 mill. kroner til den nye digitale løysinga. Dette inneber ein auke på 10,9 mill. kroner på posten, og at det blir løyvd 10 mill. kroner over budsjettet til Justis- og beredskapsdepartementet. Sjå òg omtale i Prop. 1 S (2026–2027) for Justis- og beredskapsdepartementet. "

Kunnskapsdepartementet. (2026). Prop. 1 S (2026–2027) for Kunnskapsdepartementet (s. 90 - 91). Oslo: Kunnskapsdepartementet.

Publisert 07.10.2026