Tilskottsordninga
Målet for tilskottsordninga er å medverke med finansiering til fylkeskommunane slik at dei gir opplæring til innsette og nyleg lauslatne som har rett på og ynskjer grunnskule- eller vidaregåande opplæring.
For å motivere flest mogleg til å ta opplæring, også dei som har kort soningstid eller sit i varetekt, er det eit mål at det òg blir gitt kortare kurs. Kursa skal ta utgangspunkt i kompetansemål frå Læreplanverket for Kunnskapsløftet og opplæring i grunnleggjande dugleikar. Det er vidare eit mål å leggje til rette for god opplæring i dei einingane for soning for barn og unge.
Det er ei målsetjing for dei kommande åra at samarbeidet mellom skulen og arbeidsdrifta blir vidare utvikla. Dette vil mellom anna styrke talet på innsette med dokumentert yrkesretta kompetanse blant anna ved modulisert yreksopplæring for vaksne. Det overordna målet er å gi fleire innsette høve til å tilby etterspurd kompetanse til arbeidsmarknaden når dei slepp ut av fengsel.
Det er fylkeskommunen som er fagleg og administrativt ansvarleg for opplæring i fengsel og dette er ein del av fylkeskommunen sitt generelle ansvar, jamfør Opplæringslova § 28-5.
Utdanningsdirektoratet utbetalar 80 % av godkjend ramme (utrekna utifrå talet på soningsplassar i fylket) i budsjettåret (7/12 delar vår og 5/12 haust). Utbetaling av resterande 20 % av ramma blir gjort året etter.