Fagnettverk

Statsforvaltaren i Vestland har oppnemnd fagkoordinatorar på sentrale fagfelt og fagområde i opplæring innanfor kriminalomsorga. Arbeidet til fagkoordinatorane er knytt til nettverksbygging på deira fagområde.

Arbeid og ansvar

Fagkoordinatorane skal leggje til rette for kunnskap og erfaringsutveksling knytt til opplæring innan fagområda med utgangspunkt i ordinært skuleverk, opp mot dei forholda som er særskilte for opplæring innanfor kriminalomsorga. I dette ligg det å koordinere og leggje til rette for faglege diskusjonar og meiningsutveksling i faggruppa. Dei kan utnytte naturlege treffpunkt, og ved behov etablere nye treffpunkt-  for møte i nettverka sine. 

Statsforvaltaren forventar at fagkoordinatorane skaffar seg kjennskap og innsikt i erfaring og praksis i opplæringa nasjonalt innanfor opplæring i kriminalomsorga.

Fagkoordinatorane organiserer ei årleg samling for alle skuletilsette innan opplæring i kriminalomsorga i Noreg (Oppikrimdagane), og ved høve organiserer dei og  samlingar og diskusjonar for lærarar i sine faggrupper.

Lærarane i fagnettverket har tilgang til ulike plattformer som kan nyttast til informasjon, deling og diskusjonar. Dei løfter fram aktuelle problemstillingar og utfordringar frå fagnettverket til Statsforvaltaren i Vestland, og er på den måten bindeledd mellom Statsforvaltaren i Vestland og lærarane innanfor dei ulike faga.

Send ein e-post til fagkoordinator for dine fag for å bli medlem og få tilgang til kommunikasjonskanalane for faggruppa.

Kontaktinformasjon

Fagkoordinator for norsk

Kirsti Kvalø

Fagkoordinator for språkfag (framandspråk)

Rosemary Thompson

Fagkoordinatorar for yrkesfag

Edvin Berg

Tone Mørk-Hassel

Fagkoordinator for rådgjevnad

Gry Helgerud

Fagkoordinator for realfag

Izabella Jensen

Fagkoordinator for samfunnsfag

Mandeep Kaur Sohi

Fagkoordinator for praktiske fag

Under oppnemning

Fagkoordinator for estetiske fag

Under oppnemning

Fagkoordinator for unge innsette 15 - 24 år

Magnus Andre Rokne

Geir Arne Hundvebakke

Fagkoordinator for oppfølgingsklassene

Anne Moen