Narkotikaprogram med domstolskontroll

Narkotikaprogram med domstolskontroll (ND) inneber at rusmisbrukarar kan dømmast til å gå gjennom eit rehabiliteringsprogram som føresetnad for dom på vilkår ved narkotikarelatert kriminalitet.

Domstolane si rolle er viktig for at arbeidet i Narkotikaprogram med domstolskontroll (ND) skal lukkast. Etter maktfordelingsprinsippet skal ikkje domstolane ha ei aktiv rolle når det gjeld forvaltninga si handheving av straff, men i dette programmet er domstolane si aktive dømming og oppfølging av den dømde si utvikling i programmet, ein avgjørende føresetnad i arbeidet for å lukkast.

Narkotikaprogram med domstolskontroll er inndelt i 4 fasar:

  • iverksettingsfasen
  • stabiliseringsfasen
  • ansvarsfasen
  • vidareføringsfasen.

Innhaldet i dei enkelte fasane vert sett av domstolane etter tilråding frå ND.

Den dømde må ha motivasjon for å gjere noko med eige narkotikaproblem og dessutan samtykke til ei slik straff. Alternativet til deltaking i programmet er fengselsstraff utan vilkår. Prøveordninga Narkotikaprogram med domstolkontroll trådde i kraft 01.01.2006 og vart avslutta i 2014. Ordningen vart landsdekkande og permanent frå 01.01.2016. 

Opplæring

Frå sommaren 2011 vart opplæringsdelen i ND-sentra (Oslo og Bergen) lagt under Statsforvaltaren i Vestland, med midlar over statsbudsjettet til ein pedagogressurs kvar av stadene. Det er Oslo kommune og Vestland fylkeskommune som har det faglege og pedagogiske ansvaret for opplæringsdelen i ressurssentra i Oslo og Bergen. Når det gjeld opplæringstilbodet anna stader i landet, vil Statsforvaltaren i Vestland oppmode til at det etableres kontakt mellom fylkeskommune og friomsorgskontor.

I Oslo er pedagogressursen i ND tilsett ved Grønland voksenopplæringssenter, medan pedagog i Bergen er tilsett direkte i Opplæringsavdelinga i Vestland fylkeskommune. Deltakarane i Oslo er i hovudsak knytt til Grønland voksenopplæringsenter eller ordinære tilbod, medan ND-sentret i Bergen samarbeidar med Åsane vidaregåande skule – avdeling Fossane – som er ein oppfølgingsklasse for innsette ved Bergen fengsel og Bjørgvin fengsel.