Ungdomseining

Ungdomseiningar i kriminalomsorga

I Noreg finst det tre spesialiserte ungdomseiningar for innsette mellom 15 og 18 år. Ungdomseiningane er ein del av Kriminalomsorgen, som er ansvarleg for gjennomføring av straffereaksjonar, inkludert fengselsopphald for unge. Einingane er oppretta for å sikre at unge lovbrytarar får ei straffegjennomføring som tek omsyn til alder, utviklingsnivå og behov for oppfølging. Einingane er spesielt tilrettelagde for å ta imot både varetektsinnsette og domfelte, og har eit tett samarbeid med andre relevante etatar som barnevern, psykisk helsevern og skule. Målet er å førebyggje vidare kriminalitet og leggje til rette for rehabilitering gjennom utdanning, behandling og sosial støtte.


Oversikt over ungdomseiningane

Namn

Stad

Kapasitet

Ungdomseining Vest

Bjørgvin fengsel

4 plassar

Ungdomseining Aust

Romerike fengsel

6 plassar

Ungdomseining Sørvest

Agder fengsel, Evje

11 plassar (nyopna april 2025)

Ved fullt belegg kan Indre Østfold fengsel, Eidsberg avdeling ta imot inntil 5 mindreårige som mellombels løysing.


 

FNs barnekonvensjon 

  • FNs barnekonvensjon slår fast at fengsling av barn berre skal brukast som siste utveg og for kortast mogleg tid.
  • Barn skal haldast atskilt frå vaksne i fengsel for å hindre skade og sikre tilpassa oppfølging.
  • I Noreg er den kriminelle lågalderen 15 år. Barn under denne alderen kan ikkje straffast med fengsel.
  • Norske styresmakter har forplikta seg til å følgje barnekonvensjonen, og ungdomseiningane er eit viktig tiltak for å oppfylle desse forpliktingane.

 

Opplæring og utdanning

Fylkeskommunane som har ansvar for opplæring i kriminalomsorga får eit særskilt tilskot for å kunne tilby tilpassa og målretta undervisning i ungdomseiningane. Utdanning er ein sentral del av rehabiliteringa i ungdomseiningane. Alle ungdomar har rett til opplæring, uavhengig av livssituasjon, tidlegare erfaringar eller haldningar.

  • Grunnskule og vidaregåande opplæring blir tilbydd i fengselet.
  • Opplæringslova gjeld også for ungdom i fengsel.
  • Kunnskapsdepartementet har i fleire statsbudsjett understreka kor viktig det er å leggje til rette for god opplæring i ungdomseiningane.
  • Staten løyver om lag sju gonger meir per plass til opplæring i ungdomseiningane enn i vanlege fengsel.

 

Samarbeid og heilskapleg oppfølging

Ungdomseiningane har eit tett samarbeid mellom:

  • Barnevern
  • Psykisk helsevern
  • Skule og opplæring
  • Kommunale tenester

Mindreårige innsette er ei særleg sårbar gruppe som har behov for eit særleg tilrettelagt tilbod. I samsvar med straffegjennomføringslova §10a skal det derfor etablerast ei tverrfagleg basisbemanning ved einingane, og einingane skal også ha eit tverretatleg team som skal ivareta behovet til dei unge under straffegjennomføringa, og førebu tida etter lauslating.