Statsforvaltaren i Vestland har fleire oppgåver innan opplæring i kriminalomsorga enn å sjå til at innsette i norske fengsel får tilbod om opplæring.

I samsvar med oppdrag har Statsforvaltaren i Vestland det nasjonale koordinerande ansvaret for all opplæring innan kriminalomsorga. Retten til opplæring og utdanning er den same for innsette i fengsel som for andre borgarar i Noreg. Fylkeskommunane er fagleg og administrativt ansvarlege for utdanninga i fengsla. Det er lokale vidaregåande skular som har det praktiske ansvaret for opplæringa. 

Statsforvaltaren i Vestland har og eit ansvar for ulike oppfølgingsarbeid ofte i samarbeid med andre. Til sist har vi tatt initiativ til ei rekkje med fag og pedagogisk utvekslingsarbeid for å styrke området opplæring innanfor kriminalomsorga.