Faggruppe for realfag, dialogkonferanse haust 2024

Velkommen til ny dialogkonferanse for faggruppa i realfag. Hovudtema for samlinga er MFY og vurderingsarbeid, og vi dykkar inn i dei teknologiske endringane opplæring i kriminalomsorgen står midt oppi.

Ny dialogkonferanse for realfag i september

Samlinga er 3-4 september 2024 på Thon Hotel slottsparken i Oslo (same stad som sist etter svært gode tilbakemeldingar).

Vi startar med lunsj klokken 11:30 tirsdag og avslutter felles opplegg med lunsj frå klokka 13 – 14 på onsdag.

Hovudfokus blir omlegging til MFY og å utvikle vurderingspraksisen vår i møte med vaksne innsette, samt oppdatere oss på teknologiens moglegheiter i møte med KI, KDI og programmering. Målet er å dele praksis og ordningar frå ulike fengsel slik at kvar enkelt kan utvikle eigen praksis.

Påmeldingsfrist er 16. august.

Detaljert program vil bli lagt ut på denne sida over sommeren. 

Eg gler meg til å sjå dykk igjen, og til å saman utvikle ferdigheiter for å gi elevane våre det beste.

Publisert 27.05.2024
Dato:
3. september 2024 00:00 - 4. september 2024 14:00
Stad:
Thon Hotel slottsparken
Arrangør:
Fagkoordinator for realfag
Målgruppe:
Faggruppe for realfag, oppikrim

Fagkoordinator