Dialogkonferanse for yrkesfag 25.–27. mars
Påmelding opnar 20. februar – mellombels program er klart
Den årlege dialogkonferansen for yrkesfag blir også i år arrangert på Losby Gods. Vi fagkoordinatorar meiner denne ramma eignar seg svært godt til både fagleg fordjuping og gode samtalar. Planlegginga er godt i gang, og vi kan allereie no presentere eit variert og interessant program. Påmeldinga opnar 20. februar.
Velkomen til Losby Gods i mars
Årets dialogkonferanse opnar onsdag 25. mars kl. 11. Oppmøte blir anten ved Ullersmo fengsel eller ved Krogsrud fengsel – avhengig av kva du vel i påmeldinga. Meir informasjon finn du i påmeldingsskjemaet som blir publisert på oppikrim.no frå om lag 20. februar.
Det er plass til maksimalt 70 deltakarar, og prinsippet om «førstemann til mølla» gjeld. Vi tilrår derfor at du melder deg på så tidleg som mogleg.
Fagleg og sosialt program
Som tidlegare år legg vi opp til eit program som kombinerer fagleg påfyll med god tid til dialog og erfaringsdeling. Vi veit at også det sosiale innhaldet gir stor verdi for deltakarane, og har sett av tid til hygge og uformelle møtepunkt gjennom heile samlinga.
Avslutning og returtransport
Konferansen avsluttast fredag 27. mars kl. 09.30. Det blir sett opp buss til Oslo lufthamn med avreise frå Losby Gods kl. 09.45.
Vi ser fram til å møte dykk
Fagkoordinatorane ønskjer velkomen til årets dialogkonferanse. Dersom du har spørsmål i forkant, er du hjarteleg velkomen til å ta kontakt. Kontaktinformasjon finn du på oppikrim.no under fana Fagnettverk.
Velkomen til ei lærerik og inspirerande samling i mars.