Dialogkonferansar på felles arena
Fagkoordinatorane arrangerer dialogkonferansar på Quality Airport Hotel Gardermoen 14.–15. april 2027
Ved å samle alle dialogkonferansane på éin felles arena blir det lagt til rette for betre samordning og meir effektiv organisering. Dialogkonferansane er eit sentralt kompetansehevingstiltak for fylkeskommunane, og rolla deira som ein formell og viktig kompetansearena for opplæringa i kriminalomsorga blir styrkt.
Målgruppa for dialogkonferansane er primært deltakarar som høyrer til dei ulike faggruppene. Påmeldingsskjema blir publisert på oppikrim.no på eit seinare tidspunkt. Konferansane blir gjennomførte over to samanhengande dagar, med oppstart formiddag dag éin og avslutning ettermiddag dag to. Dette gjer det mogleg for dei fleste deltakarane å reise til Gardermoen same morgon som konferansen startar. Deltakarane skal ved påmelding velje éi faggruppe som dei følgjer gjennom begge dagane.
Ei viktig arena for fagleg utvikling
I oppsummeringa etter skuleåret 2025/2026 peikar fagkoordinatorane på at dialogkonferansane er hovudarenaen for fagleg utvikling, erfaringsdeling og nettverksbygging. Konferansane blir trekte fram som avgjerande for læring, samarbeid og relasjonsbygging mellom tilsette som arbeider med opplæring i kriminalomsorga.
Erfaringane viser at dei fysiske møteplassane gir særleg stort fagleg utbyte. Her blir det skapt relasjonar, tillit og rom for refleksjon på ein måte som er vanskeleg å oppnå gjennom digitale møte åleine. Rapportane viser også ei positiv utvikling i fagnettverka, der det over tid har vakse fram aktive fagmiljø som samarbeider, deler erfaringar og tek initiativ til vidare utvikling.
Fagnettverka spelar ei viktig rolle i å styrkje profesjonsfellesskapet. Gjennom refleksjon, kollegastøtte og erfaringsdeling blir det utvikla ei meir felles forståing av god praksis i opplæringa. Nettverka arbeider mellom anna med tema som vurdering, tilpassa opplæring og utvikling av undervisningsopplegg tilpassa fengselskonteksten, med særleg vekt på praksisnær kompetanseutvikling.
Arbeidet i fagnettverka bidreg også til å styrkje kvaliteten og likeverdet i opplæringstilbodet for innsette. Når erfaringar og undervisningsopplegg blir delte på tvers av fylke og fengsel, blir det utvikla større grad av felles praksis, samstundes som lokale behov og føresetnader blir tekne vare på.
Samla sett er fagnettverka ein sentral mekanisme for kvalitetsutvikling i opplæringa for innsette. Statsforvaltaren i Vestland håpar derfor at flest mogleg deltakarar i målgruppa kan delta på dialogkonferansane i 2027. Deltaking bidreg ikkje berre til eiga fagleg utvikling, men også til vidare utvikling av eit nasjonalt fagfellesskap og eit godt opplæringstilbod for innsette over heile landet.
Sjå FAGNETTVERK her på oppikrim.no for meir informasjon om faggruppene/fagkoordinatorane.