Statsforvaltaren i Vestland har så langt tilbake som tidleg 2000 talet samarbeidd med Universitet i Bergen om forsking på "opplæring innanfor kriminalsomorga". I dag er dette formalisert gjennom ei gjensidig forsking og utviklingsavtale.

Statsforvaltaren i Vestland og UiB har inngått denne avtalen utifrå ei felles forståing av behovet for kunnskapsutvikling. Avtalen skal medverke til ei langsiktig kunnskapsbygging og metodeutvikling på område som er sentrale for Statsforvaltaren når det gjeld opplæring i kriminalomsorga og UiB, ved forskingsgruppa ”Knowledge, Education and Democracy” og ” Bergen Cognition an Learning Group”, Det psykologiske fakultetet.

Samarbeidsavtalen er forankra i det arbeidet som er gjort dei siste åra i felles utviklingsarbeid. Føremålet er å medverke til utvikling av området ”Opplæring i kriminalomsorga” der Statsforvaltaren i Vestland har det nasjonale forvaltningsansvaret og til utvikling av fag og metode ved UiB.

I høgremenyen finn du publikasjonane frå dette samarbeidet.