Oppikrimdagane 2023

Konferansen på onsdag og torsdag er no fullteikna. Det er framleis nokre ledige plasser på leiarsamlinga på tirsdag og onsdag, og vi oppmodar dei i målgruppa som ønskjer å delta om å melde seg på så snart som mogleg. 

Konferansen inklusiv lunsj og middag på kvelden er gratis. Deltakarar må sjølve betale for reise og overnatting. 

Konferanseapp med fullstendig program vil bli gjort tilgjengeleg for deltakarane fredag 21. april

Innhald på konferansen

Oppikrimdagane i 2023 har ein litt anna struktur enn tidlegare år. Les meir om dette her.

26.04 - 27.04: Dialogkonferanse med søkelys på faggruppene som lærande nettverk

Konferansen startar klokka 09.00 onsdag 26. april, og blir avslutta torsdag 27. april klokka 14.00. Grunna transportmessige forhold, må dei fleste deltakarane kome til Kristiansand på ettermiddag/kveld tysdag 25. april. Målgruppe for konferansen er lærarar, rådgivarar og andre med fagleg tilhøyre til ein av følgjande faggrupper: Yrkesfag, Norsk, språk og samfunnsfag, Realfag, Rådgivere, IKT for driftsansvarlige, Praktisk-estetiske fag.

25.04: Leiarsamling 

Samlinga startar klokka 09.00 tysdag 25. april 2023, og blir avslutta onsdag 26. april klokka 14.00. Grunna transportmessige forhold, må dei fleste deltakarane kome til Kristiansand på ettermiddag/kveld måndag 24. april. Målgruppe for samlinga er fylkesbyråkratar, rektorar, avdelingsleiarar og inviterte forvaltningssamarbeidspartnarar.

Felles opning, og parallelle sesjonar onsdag 26. april 2023 

Deltakarar frå leiarsamlinga og dialogkonferansen vil alle delta på opning av Oppikrimdagene 2023 onsdag 26. april 2023 klokka 09.00. I etterkant av opninga, vil det vere parallelle sesjonar som eit tilbod til deltakarar frå både leiarsamling og dialogkonferanse. Tilsvarande vil alle deltakarar få tilbod om deltaking på felles forelesning med temaet «Lærande nettverk».

Publisert 01.07.2022
Dato:
25. april 2023 - 27. april 2023
Sted:
Kristiansand
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland, fagkoordinatorgruppa og Agder fylkeskommune
Målgruppe:
Opplæring innan kriminalomsorga