Leiarsamling 2026

Statsforvaltaren i Vestland inviterer til leiarsamling på Gardermoen for fylkesbyråkratar, rektorar og avdelingsleiarar onsdag 11. februar til torsdag 12. februar 2026. 

Lenke til påmelding finn du nederst i høgremenyen. Frist for påmelding er 9. januar 2026.

Vi oppmodar dykk til å melde dykk på allereie no. Samlinga skal, som dei seinaste åra, haldast på Comfort Hotel Runway på Gardermoen.  

Vi kan informere om at modulstrukturert opplæring, samarbeid mellom skule og arbeidsdrift, etablering av ny ungdomseining og etablering av ny oppfølgingsbase vil vere blant tema som skal belysast. Eit førebels program vil bli publisert på denne sida i januar.

Samlinga blir avslutta torsdag 12. februar kl 13.30 for avdelingsleiarar, rektorar og inviterte gjester, medan avslutningstidspunktet for fylkesbyråkratar er kl 15.15.  

Publisert 22.08.2025
Dato:
11. februar 2026 11:30 - 12. februar 2026 15:15
Stad:
Gardermoen, Comfort Hotel Runway
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Fylkesbyråkratar, rektorar og avdelingsleiarar